mine ord skulle vera
som dogg um morgonen
glitrande over
skjelvande blome-venger
som varme solstråler
over dei rimkvite enger
skulle dei vera
som greiner på treet
voggande fyrste vårfugl
og liksom drivande skyer
du ser mot ein bakgrunn
av vårblå himmel
eg ville dei skulle stå
som ei øy i havet
brenningen bryt imot
som ljos gjennom myrkret
visande fárleid
og veg til hamn
som ein ljodbøye kling
for farlege skjer,
skulle dei vera
stille skulle mine ord vera
så stille at du kjende
eit sinn røre seg
og høyrde eit hjarta slå
Jan-Magnus Bruheim
