søndag 25. november 2012

har vandra så langt..

ulriken3

har vandra så langt og så lenge
på sprek – og på mødig – fot
har framleis stor vandrarglede
framleis stort vandrarmot
men veit sjølvsagt at kanskje
alt bortom neste sving
krasar det is på vegen
og markene kvitnar ikring..

veit det.. har tenkt: av livsens blomar
har du fått plukke så mange
det veks ikkje fleire av dei..for deg
kvite og utan ange
kalde og stive er dei som står
og ventar deg no, i eit ukjent land
og når du rører dei.. kvitnar
og stivnar som dei di hand

roleg vandrar du vegen fram
rundar den svingen..kva skjer?
du stansar..blir ståande..kan ikkje tru
at det er sant det du ser:
i staden for dødsens blomsterhage
kald..kvit og stiv
du har framfor deg eit vell av blomar
som gløder av liv..av liv -

asgardsstrand og nær deg kviskrar den kjæraste røyst:
visst er det sant..du skal tru
dette du ser.. det er ditt..det er vårt
det er oss..det er eg og du

halldis moren vesaas